Skulen

Luster ungdomsskule
Øyagata 17
6868 Gaupne
Tlf: 57685760
e-post:luster.ungdomsskule@luster.kommune.no
Kontaktskjema

Velkommen til Luster ungdomsskule!

Luster ungdomsskule ligg i Gaupne, kommunesenteret i Luster. Skulen er sentralskule for 8.- 10.klassestega frå skulekrinsane Skjolden, Dale, Gaupne, Jostedal og Indre Hafslo. Inneverande skuleår er me 137 elevar og 31 tilsette. Me held til  i nye og trivelege lokale, med uteområdet som inspirerer  til aktivitet.

Nyhende

Trekkfag eksamen skriftleg vart matematikk

Måndag 21.mai skal 10.klassane ved Luster ungdomsskule gjennomføra skriftleg eksamen i matematikk. Ber om at foreldre/føresette skaffar seg informasjon frå lenkje til Utdanningsdirektoratet. Sjå nedanfor. 8.og 9.klassane avspaserer eksamensdagen måndag 21.mai!
Les meir »   15.05.2012

Referat frå samarbeidsutvalet

Under skule heim finn du referat frå samarbeidsutvalet datert 16.april d.å. Her kan du lesa om ressurssituasjonen for neste år og valfagtilbodet m.m.
30.04.2012

Siste elevkveld for i år!

Fredag 27.april kl 19.30 arrangerer vi den siste elevkvelden for dette skuleåret. Innhaldet vert som ved dei andre elevkveldane. Så møte opp og gjer ditt til at dette vert ei minnerik og fin avslutning!
24.04.2012

Onsdag 25. april

Avvik frå timeplanen: 8. klasse har jobbskygging saman med foreldre. 9.klasse er heime med opplegg i mat og helse. Elevar og foreldre har fått skriv om dette. 10.klasse har fram til kl 13 aktivitetsdag på skulen styrt av studentar frå HISF. Etter kl.13 har dei ordinær undervisning. Lærarane er i Sogndal og deltek på kurs i klasseleiing, der Thomas Nordahl er forelsar.
20.04.2012

Fredag 20.april - elevfri dag

Fredag 20.april er elevfri dag ifølgje skuleruta. Neste ordinære skuledag vert måndag 23.april.
19.04.2012

RSS

Søk


Brukarnamn:

Passord:


Abonner på nyhende

Din Epost-adresse: